Får felle jerv i Sirdal
Direktoratet for naturforvaltning har gitt Statens Naturoppsyn oppdrag å felle 2 jervar i Setesdal/Ryfylkeområdet.
Eventuell felling må skje innan 26. mars 2010. Vedtaket kan påklagast til Miljøverndepartementet innan 3 veker.
Fellingsvedtaket gjeld innafor Forsand, Hjelmeland, Suldal, Bykle, Valle, Sirdal og delar av Odda og Vinje. Statens naturoppsyn er ansvarlig for fellinga i samsvar med instruks for uttak av vilt.
Instruksen gjev høve til verkemiddel utover det som er tilgjengeleg for jegerar, mellom anna bruk av motoriserte framkomstmiddel.
Rogaland er del av rovviltregion 1, og har ikkje har mål om ynglande bestand av dei store rovpattedyra.
Det vil seie at omsynet til beitedyr veg tyngre enn rovviltet. Terskelen for felling som skadeførebyggande tiltak er difor lågare enn elles.
Spor og skade etter jerv er dokumentert i heiområda våre dei siste 2-3 åra.
I 2008 blei det utbetalt erstatning for 191 sauar og lam som tapt til jerv i Lyseheiene. I 2009 blei 21 dyr erstatta som jervetap i Rogaland. I februar i år er det funne spor etter jerv både i Hjelmeland, Suldal og vestsida av Valle.
Så langt er det usikkert om det er meir enn 1 dyr, sjølv om avstanden mellom spora er lang.
(05.03.2010 kl. 13:55)