FRITIME: Maja Iversen brukte fritimer på videregående til ta kjøretimer med kjørelærer Toralf Haugland i Flekkefjord Trafikkskole tidligere i år. Nå vil regjeringen teste ut om trafikkopplæring knyttet til videregående skoler kan gjøre det billigere og bedre for de som bor i distriktene.
Føraropplæring i skuletida
Kommunal- og regionalministeren inviterer fylkeskommunane til å gjennomføre prøveprosjekt med føraropplæring i vidaregåande skule.
Fylkeskommunane kan søke Kommunal- og regionaldepartementet om inntil 200.000 kroner til å gjennomføre prøveprosjektet. Rundt 10 fylkeskommunar vil bli plukka ut til å delta. Søknadsfristen er 31. august.
Store avstandar skapar utfordringar for mange unge i Distrikts-Noreg som vil ta førarkort. Unge er ei viktig målgruppe i distrikts- og regionalpolitikken.
- Målet med prosjektet er å gjere trafikkopplæring for distriktsungdom meir tilgjengeleg, meir effektiv og billigare for elevane, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Seks skular gjennomførte frå 2007-2009 tilsvarande prøveprosjekt, som ein del av regjeringa si satsing på trafikktryggleik og ungdomstiltak i distrikta.
- Resultata var så gode at me ynskjer å spreie desse erfaringane til fleire skuler og fylke. Blant anna såg me at strykprosenten til førarprøva vart lågare, og at fråværet og kostnadene i samband med reise til køyretimar gjekk ned. Dette ynskjar me å byggje vidare på, seier statsråden.
(16.07.2010 kl. 12:55)