Annonse nedenfor
Annonse nedenfor
lørdag
31. juli 2010
Om homofile og andre ufyselege kryp i Agder
Hallvard Kvæven, sjølvoppnemnt «hyrderøst», har i denne avis i fleire år fått lov til å ture fram med sitt fanatisk-religiøse skvalder.
At noen vel å tru blindt og fundamentalistisk på eit to tusen år gammalt skrift må vere litt slitsamt, men det får vere deira sak. Det som undrar meg, er at Agder tillt grov ordbruk, hetsing og personleg sjikanering i desse lesarinnlegga.
Forfattaren dømmer og demoniserer sine motstandarar og deler ut karakteristikkar over menneske med bibelvers og metaforbruk av verste slag. Slik får han lov og halde på.
Eg skal friske opp hukommelsen litt. Her kjem eit redigert samandragdrag:
Abortlova er fosterdrap og myrderi til liks med Holocaust og militærjuntaens drap på uskuldige i Burma. President Obama myrdar og drep barn i mors liv. Ekteskapslova, utuktslova, tillt eit samliv i hor. Den arme mann Rolf Terje Klungland kan måtte ofre sitt blod på Bibelens dommedag fordi han forsvarer lova.
Homofili er ein skammeleg sjukdom og hiv-smitta må sjølv bere straffa fordi dei har fare vilt. Dei skal iallfall ikkje arve Guds rike. Det er Satan sitt verk, fører til evig fortaping i helvetet og eld og svovel skal regne over desse sodomittane. Homofile, lesbiske, bifile og transpersonar er å rekne for ufyselege og fæle kryp som finst i naturen.
(Ta ei pause om du treng), eg fortset:
Den raud-grøne regjeringa er eit gudfiendtleg regime. KrF og V burde gjort som Churchill og samarbeidd med djevelen Stalin (FrP) mot Hitler (Ap, Sp, og SV). Kyrkjeminister Ayatolla Giske utnemner vranglærande liberale geistlege. Slike skal vere forbanna. Kyrkja er bare for dei som lever etter Bibelen. Å få ein homofilt sambuande prest til bygda fører til helvetets pine og gru.
Kjell Magne Bondevik bøyer kne for den falske guden og Knut Sand Bakken er ein stridande mot den kristne Gud. Uføret starta visstnok med den første kvinnelige presten, Ingrid Bjerkås i 1961. Dei fortener ikkje respekt og skal latterliggjerast i tur og orden: Hilde Sirnes, Magnhild Meltveit Kleppa, Dagrunn Eriksen og Inger Lise Hansen.
Utan den kristne formålsparagrafen i skulen, utan å be Fadervår, pugge samlevers og å vedkjenne seg trua på ein treeinig Gud vil folk går til grunne. Kristen forkynning skal inn att slik det var på 1960-talet. Alt dette er sunn bibelsk lære, ifølgje forfattaren. KrF si rolle i RLE-forliket er som nazipropagandaen sin omtale av Hitler-Tysklands seiersrike tilbaketrekking.
Ok, det får holde. Kven som helst kan gå inn på Agder sine nettsider og sjølv lese innlegga. Dei er ein analyse verdt.
Ytringsfridom er grunnleggjande i eit demokrati. Så langt er vi samde. Den inneber ˜g at dumheitar blir trykt. Avisa Agder arbeider etter Ver Varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk. Dette gjeld ˜g for alle som skriv i avisar. Lesarinnleggsforfattarar kan skrive personleg, engasjert og med temperament. Men — dei har ikkje lov å hengje ut eller skade noen og dei skal «vise respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn».
Agder har såleis eit ansvar for å «verne enkeltmenneske og grupper for overgrep». Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.
Kor er redaktøren i Agder? Sit han der i kontorstolen og heiar på «ytringsfridomen» når religiøse ekstremistar får halde fram med slikt? Er det ingen grenser for kva denne «hyrderøsta» kan kome med utan at redaktøren grip inn?
Eindel av desse innlegga har ingen ting i det offentlege rom å gjere. Ytringar som skapar hat, splitting og fordommar er farleg for eit samfunn. Karismatisk sterke personlegdomar og fanatisme er ein forførande, men farleg kombinasjon. Det har vi sett.
Som Ver Varsam-plakaten seier: Det trykte ord er eit mektige våpen, misbruk det ikkje!
Anna Årstøl,
Kvinesdal


(10.03.2010 kl. 08:00)

Tips en venn

Annonse nedenfor
Annonse nedenfor
Annonse nedenfor










grunder.no
IT-selskapet Microsoft trår til med et kvartalsoverskudd på 27,9 milliarder kroner.
Fotballstjernen David Beckham fortalte i et intervju at han elsket å leke med Lego. Dermed steg salget av Lego til himmels.
DnB Nor leverte et svært bra resultat for andre kvartal, en gladnyhet for aksjonærene, men konsernsjef Rune Bjerke hadde en enda bedre nyhet på lager.
FERIETID: Hvis du tar fullstendig ferie og glemmer jobben i resten av juli, skal ikke være redd for å gå glipp av viktige nyheter. I begynnelsen av august kommer vi med en oversiktsartikkel over viktige beslutninger og hendelser i juli.
Næringsminister Trond Giske vil sende alle sine menn og kvinner ut i bedriftene.
Industriproduksjonen falt overraskende fra april til mai.
Petter Stordalens Home Invest fikk et konsernresultat før skatt på drøye 389 millioner kroner i 2009.
Høy inntektsforskjell mellom sjefer og ansatte får lederne til å føle seg allmektige, noe som får dem til å behandle sine ansatte dårligere.
Orkla-sjef Dag J. Opedal har meddelt styret i Orkla ASA at han ønsker å gå av som konsernsjef i løpet av inneværende år.
Aker Solutions fikk milliardavtale med Statoil, men det er Aibel som er den store vinneren av oljeselskapets gigantdryss av jobber.
Annonse nedenfor
Annonse nedenfor
Annonse nedenfor
Annonse nedenfor
Annonse nedenfor
Annonse nedenfor
Redaktør Kristen Munksgaard
Copyright © 2009 Avisen Agder
All rights reserved.
Utviklet av React Solutions AS
''